♦ Husedalen

Husedalen

Husedalen


Kommune:                  Ullensvang

Oppmåteplass:           Husemoen p-plass

Tid:                              2-3 timer en vei

Lengde:                       10 km en vei

Merket:                        Ja

Terreng:                       Sti (T merket)

Vanskelighetsgrad:     Middels

Høyde:                         800 moh

11
12
2
3
4
5
6
7
8
9
10
1

Husedalen, til alle fire fossar


 

Startpunkt: Tveitafossen

Endepunkt: Søtefossen

Parkering: ved brua over Vivippo

Merking: av DNT

Gradering: middels/krevjande

Høgdeskilnad:

Tveitafossen 180 moh,

Nyastølsfossen ca 400moh,

Nykkjesøyfossen ca 600 moh,

Søtefossen ca 800 moh.


Tidsbruk:

Kinsarvik – Tveitafossen ca 1-1,5 timar

Brua over Vivippo – Tveitafossen ca 30 min

Tveitafossen – Nyastølsfossen ca 45 min -1 time

Nyastølsfossen – Nykkjesøy ca 45 min -1 time

Nykkjesøy - Søtefossen ca 45 min -1 time


Gode råd: bruk eigna sko. Delar av stien kan vera veldig glatt i vått ver. Ta med mat. Om ein skal gå lenger inn på Hardangervidda, enn til dei fire fossane, må ein ha med seg varme klede, godt turkart og kompass. Vis respekt for elva, og gå ikkje uti. Steinane på elvebredden kan vera svært glatte, også når det er tørt. Gå ikkje bort frå stien.


Turomtale: det er to mogelegheiter frå Tveitafossen:


1: Bak kraftverket ved Tveitafossen, er det mogeleg å følgja sti, merkt av DNT. Stien går bratt oppover langs rørgatene til kraftverket, og snart er ein innanfor Hardangervidda nasjonalpark sine grenser. Ved å følgja denne stien kjem ein til dei tre andre fossane.


2: Rett før Tveitafossen, går det ein grusveg, bomveg, av på venstre hand. Denne bratte grusvegen er lettare å gå enn DNT-stien. Frå denne har ein flott utsikt til Nyastølsfossen og dalen. Grusvegen sluttar litt før Nykkjesøy, og derifrå må ein uansett følgja DNT merka sti vidare.


Sesong: når det er snøfritt, vanlegvis frå midten av mai til midten av oktober.

Rundtur: følg stien opp og grusvegen ned.

Lengre tur: Gå vidare inn på Hardangervidda til DNT-hytta Stavali. Frå Tveitafossen til Stavali reknar ein 6-timars rask gange. Ta med varme klede, godt turkart og kompass.

Kontakt oss

Rafdal Hytter AS

boks 100

5591 ETNE


Telefon : 951 51 261


Epost : post@rafdal-hytter.no